02.12.2011

Retorikk - "Ei gåve frå Gud" eller metaspråkleg bevisstheit?

Retorikk kan omtalast som "kunsten å finne fram til, ordne, formulere, huske og til slutt framføre det en har på hjertet slik at andre lytter og tar ordene til seg." (Penne og Hertzberg, 2008:70). Retorikk har difor ofte ein forankring i ynskjet om ein bodskapsformidling til andre (Penne og Hertzberg, 2008).
Marmor dekorasjon fra Campanile i Firenze, Italia

I dette blogginnlegget skal eg fyrst seie noko om den historiske forankringa til teorien om retorikk. Deretter skal eg med utgangspunkt i eit konkret døme, sjå på dei tre apellformene etos, patos og logos. Til slutt vil eg reflektere noko omkring spørsmålet: Er retorikk "Ei gåve frå Gud" eller metaspråkleg bevisstheit?

Historisk forankring
For å finne og seie noko om den historiske forankringa til retorikk må me begi oss ut på ein reise tilbake i tid. Me skal til antikken, det gamle Hellas og til den kjente filosofen og dramatikaren Aristoteles (384-322 f.v.t). Då det i dag er han me knyter den retoriske teorien til. Han laga og etterlot seg ein tredelt Retorikk, som besto av tre papyrusrullar (Penne og Hertzberg, 2008). Dette er utgangspunktet for retorikken i vår tid.

Frå ca. 500 år f.v.t i antikken si tid i Hellas, har me nedtekningar av retorisk tenkning. I forbinding med demokratiet blei talespråket og sjølve evnen til overbevisning svært sentral og i mange samahengar nykelen til makt (Penne og Hertzberg, 2008).

Etos, patos og logos
Den 1. mai i 2008 gjekk vår statsminister Jens Stoltenberg på talestolen i forbinding med sin 1.mai-tale til arbeiderbevegelsen. Dette har blitt ein berykta tale, då han kan virke tilsynelatande litt berusa. Likevel synest eg dette er eit godt døme og utgangspunkt for å seie noko om dei tre hovedpunkta innanfor retorikken; etos, patos og logos.

Ein seier at dei tre hovedoppgåvene til ein talar er å behage, bevege og belære. Etos er det som omhandlar talaren sin karakter, tro på talaren og korleis talaren skapar troverdigheit og behagar sine lyttare. Patos kan ofte definerast som noko ein blir utsatt for. Korleis behagar talaren tilhøyrarane sine? og klarer talaren å vekkje følelsar i tilhøyraren? Eventuelt korleis? Medan logos handlar om korleis talaren, i ein positiv forstand, belærar og skapar kunnskap, kunnskapsforståing og opplysning hos tilhøyrarane (Penne og Hertzberg, 2008).

I talen til Stoltenberg finn ein mange tydelege dømer på bruk av etos. Han er pent kledd, står ved talerstolen til Arbeiderpartiet og opptrer i sin rolle som både statsminister og partileiar. Alt dette skapar ein troverdigheit hos oss tilhøyrarar.Tross noko snøvling innimellom har han ein elles svært velformulera og gjennomtenkt tale, som er med på å byggje etos omkring han.

Talen har eit klart humoristisk preg, og patos i talen er veldig sentralt. Gjennom snøvlinga og at Stoltenberg sjølv ler vekkast det humoristiske i meg. Han bevegar meg og får frem latteren i meg som tilhøyrar. Eg meiner at det følelsesmessige inntrykket han gir overskyggar dei eventuelle problematiske aspekta ved adferda i denne talen.

Denne talen har også element frå logos. Han viser kunnskap om ulike tema, og opplyser deg som tilhøyrar om alt fra religionar og stemmerett. Likevel synest eg ikkje at eg blir belært noko særleg gjennom talen. Difor meiner eg talen har mest av patos og etos.


"Ei gåve frå Gud" eller metaspråkleg bevisstheit?
Metaspråkleg bevisstheit kan definerast som forståelsing av og kunnskapen om språket, korleis språket ser ut og er, samt korleis det opptrer og forandrar seg i ulike situasjonar (Traavik, 2008). Bakgrunnen for den klassiske retorikken var den stadig økande nødvendigheiten av metaspråklieg bevisstheit i informasjonssamfunnet. "Språkfilosofisk innebærer dette at forestillingen om språklige handlinger som spontanitet og ummidelbarhet, må forkastes." (Penne og Hertzberg, 2008:71). Om dette hadde stemt ville den retoriske teorien og retorikk som metode vært umogleg. Med andre ord forutsett retorikken at ein har metaspråkleg bevisstheit.

Betydning av retorikk i norskfaget
Avslutningsvis i dette blogginnlegget vil eg kort seie noko om betyinga til retorikken for norskfaget og meg som norsklærar. Retorikk kan vere ein viktig del av øvingar tilknytta skriving; korleis ein skapar kontakt med lesaren, byggjer og strukturerar ein tekst. Retorikk er også eit nyttig verktøy i arbeid med muntlegheit; framtoning, ordval og andre element som skapar kontakt med lyttarane.

For meg som norsklærar gjeld mykje av det same. Gjennom å tenke øver si eiga framtoning, sine eigne ordval og lignande så trur eg ein blir meir bevisst øver sin eigen retorisk kunnskap. Korleis skapar eg engasjement og tillit hos elevane? Til dømes i litteraturformidling; korleis får eg elevane mine til å ville lese boka? Kva skal eg tenkje på? Burde eg virke egasjert sjølv? Dette er mange spørsmål ein burde stille seg som norsklærar. Eg tenkjer ein og ein hver får svare på desse spørsmåla sjølv.

Litteraturliste


Penne, Sylvi, Hertzberg, Frøydis (2008) Muntlige tekster i klasserommet. Oslo:Universitetsforlaet

Traavik, Hilde, Rosvold Alver, V. (2008) Skrive – og lesestart. Bergen:Fagboklaget

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar